Netthandelsløsningens moduler
Lynx eHandel leveres i utgangspunktet i tre ulike standard versjoner. Avhengig av ditt B2B eller B2C behov kan vi levere Lynx eHandel i Standard, Plus eller Super utgaver. Hver enkelt løsning kan videre utvides med ønskede moduler og funksjonalitet. Alle moduler er med på å fremme salget i nettbutikken.
 
Alle modulene er dessverre ikke med i oversikten under. Det utvikles ca. 2 nye moduler i måneden her hos oss og vi henger litt etter mht publisering av alle nyhetene. Ta gjerne kontakt med oss på tlf. 55273040 hvis du savner en funksjon.
 
Nyhetsbrev til Lynx eHandel

NB0001- Nyhetsbrev

Eigen modul for oppretting av nyhetsbrev-epostar rett i frå adminverktøyet. Her kan ein skrive og legge inn bilete og innhald. Ein fast mal med toppbanner og ramme rundt innhaldet blir lagt på automatisk ved utsending. Denne malen kan tilpassast i design. I Lynx nettbutikk admin har ein i tillegg mogelegheit til å legge inn produkt i nyhetsbrevet, lage eiga liste med mottakarar direkte i admin, samt spore kor mange som har lest nyhetsbrevet, klikka på lenkene, og kjøpt noko i nettbutikken som følge av å ha lest nyhetsbrevet. Statistikk kan visast som fargekoda grafer.

Mailinglist

NB0002 – Mailinglist

Dette er ein funksjon i vårt epost-system for å lagre epost-adresser i mailingliste. Ein kan så sende epost til ei liste, og då vil den bli vidaresendt til alle mottakar-adressene i lista. Forutsetter at ein har eit domene med epost-tenester levert frå Digitroll tilknytta seg, eller bestiller dette. Denne modulen inkluderer også mogelegheit for å få sett inn ein standard boks på sida der brukarane kan melde seg på/av nyhetsbrevliste.

Kontaktskjema pr stk

KS0001 – Kontaktskjema pr stk

Standard skjema ein kan legge inn i nettløysinga der brukaren kan fylle ut felt for namn, epost-adresse, telefonnummer og melding, og sende dette på epost til den som administrerer slike henvendelser. Tilleggsfelt i skjema er ekstra.

Filopplasting i kontaktskjema

KS0002 – Filopplasting i kontaktskjema

Gir mogelegheit for brukaren å laste opp filer som vedlegg til meldingar sendt frå kontaktskjema.

Butikk oversikt automatisk m/synk

BO0001 – Butikk oversikt automatisk m/synk

Gir mogelegheit for å liste ut ein oversikt over butikkar/medlemmer, der ein kan klikke seg vidare inn på kvar enkelt for å få utfyllande info som åpningstider, adresser og telefonnummer, kontaktpersonar og logo. Det kan og settast opp klikkbart kart for å liste ut butikkar/medlemmer sortert etter regionar, men dette (samt design) er ekstra. Data om butikkane/medlemmane blir synkronisert frå ERP system. Kan kun etablerast dersom ein har publiseringsløysing i tillegg til ein nettbutikk med synkronisering mot kunden sitt ERP system.

Butikk oversikt manuell

BO0002 – Butikk oversikt manuell

Gir mogelegheit for å liste ut ein oversikt over butikkar/medlemmer, der ein kan klikke seg vidare inn på kvar enkelt for å få utfyllande info som åpningstider, adresser og telefonnummer, kontaktpersonar og logo. Det kan og settast opp klikkbart kart for å liste ut butikkar/medlemmer sortert etter regionar, men dette (samt design) er ekstra. Alle data leggast inn manuelt via administrasjonsverktøyet.

Konkurransemodul

KM0001 – Konkurransemodul

Gir mogelegheit til å publisere konkurransar i nettløysinga. Har eit eige administrasjonsverktøy der ein kan redigere konkurransetekst, spørsmål og svaralternativ, samt få oversikt over besvarelsane som kjem inn.

Dynamisk avansert søk (3 felt)

SO0002 – Dynamisk avansert søk (3 felt)

Ein set opp tre dropdown-felt i nettbutikken som er kopla til tre data-felt på vare. Ein kan så legge inn for eksempel varekategori i felt 1, merke i felt 2 og storleik i felt 3 på alle varer som skal vere søkbare, og verdiane i dropdown-felta i nettbutikken blir så automatisk oppdatert. Brukaren kan så søke på for eksempel varekategori ”sko” i første dropdown, merke ”superstar” i andre dropdown, og størrelse ”43” i tredje dropdown for å få opp alle varer som matcher desse kriteria.

Sammenligningsfunksjon

SF0001 – Sammenligningsfunksjon

Gir brukaren mogelegheit til å markere fleire varer i nettbutikken, og så gå til ein oversikt der desse varene blir stilt opp mot kvarandre for samanlikning.

Sitemap

SM0001 – Sitemap

Modul som listar ut tittel på alle publiserte hovud/undermenypunkt i løysinga. I nettbutikken blir i tillegg tittel til alle publiserte produkt lista ut under kvart menypunkt.

Google xml sitemap

SM0002 – Google xml sitemap

Denne modulen tilbyr ein innhaldsoversikt i xml-format som ikkje er meint å visast for brukarar av nettløysinga, men heller for Google sin automatiske søkemotor-bot som skanner nettsider med jamne mellomrom. Føremålet med modulen er å gi Google meir nøyaktige data å basere søkeresultata på. For å halde Google oppdatert må modulen køyrast med jamne mellomrom.

Editor i sitemap

ED0002 – Editor i sitemap

Gir mogelegheit til å legge inn tekst og bilete som viser saman med sitemap modulen (SM0001). Innhaldet redigerast i ein editor i administrasjonsverktøyet.

Ønskeliste

OS0001 – Ønskeliste

Innlogga brukarar får mogelegheit til å samle produkt i ønskelister. Dei kan vise ein oversikt over alle produkta dei har lagt i ei ønskeliste, og sende link til ønskelista saman med ei melding til venner og bekjente via epost.

Plankjøp

PL0001 – Plankjøp

Funksjonaliteten er i utgangspunktet lik som for ønskeliste, men ein kan ikkje sende lista til andre via epost. Ein kan samle utvalgte produkt i lister, noko som til dømes kan vere ein fordel for kundar som ofte handlar dei same produkta. NB: Ein kan ikkje ha både ønskeliste og plankjøp modul i same løysing.

Logo på vare

LO0001 – Logo på vare

Gir mogelegheit til å legge inn logo på varevisning. Eit eksempel på bruk er å legge inn ”Superstar” merkelogo på alle varer av dette merket. Krever at ein set av eit felt på vare der ein legg inn logokoden. Alle logobilete må ha same breidd/høgd-dimensjonar og filformat (vanligvis .gif), og må sendast til Digitroll slik at vi kan legge dei inn.

Den som kjøpte denne

DK0001 – Den som kjøpte denne

Dersom eit produkt har blitt kjøpt saman med andre produkt, vil dei andre produkta vise under singelvarevisning slik at brukarane av nettbutikken lettare blir oppmerksomme på dei.

Anbefalte produkter

AP0001 – Anbefalte produkter

Gir mogelegheit for å sette anbefalte produkt i eigne boksar øvst i produktoversiken på ei varegruppe, for å framheve desse. I adminverktøyet markerer ein dei produkta som skal visast som anbefalte.

Kunden anbefaler

AP0002 – Kunden anbefaler

Viser dei mest selde produkta i ei varegruppe (eller undergruppe dersom det ikkje er produkt i hovedgruppa) i eigne boksar øvst i produktoversikten, for å framheve desse.

Tilbehør/relaterte som boksvisning

TI0001 – Tilbehør/relaterte som boksvisning

Dersom eit produkt har tilbehør/relaterte produkt, så vil desse vise som boksar under singelproduktvisning.

Skjul vare funksjon

SV0001 – Skjul vare funksjon

Dersom ei vare markerast som skjult, så viser den ikkje i produktoversikt eller varesøk, og det går ikkje an å opne singelvisning for varen. Det går likevel an å legge produktet i handlekurven via automatisk funksjonalitet tilpassa av Digitroll.

Glemt å kjøpe i handlekurv

GL0001 – Glemt å kjøpe i handlekurv

Når kunden går til handlekurven, så viser eit utval av tilbehør/relaterte varer for dei produkta som kunden har lagt i handlekurven. Som standard plassert i ei kolonne til høgre. Føremålet er å bidra til auka sal ved å vise varer som det kan vere aktuelt for kunden å kjøpe samtidig med dei varene som allereie ligg i handlekurven, men som kunden kanskje ikkje har tenkt på.

Readers rating

RA0001 – Readers rating

Det blir lagt inn ein produktvurdering i boks- og singelvarevisning. Denne er synlig i form av ei rad med stjerner. Dersom ei vare har fått ti av ti mogelege stjerner, så vitnar det om at kundane som har stemt på varen er godt fornøgde. Som standard er det berre innlogga kundar som har kjøpt varen som får lov til å stemme på den, men dette kan tilpassast slik at alle kan stemme, eller kun administrator.

Ordre som pdf

OR0001 – Ordre som pdf

Når ein kunde legg inn ein ordre i nettbutikken, så blir det som standard sendt ut epost med ordrebekreftelse både til kunden og administrator. Denne modulen legg i tillegg ordrebekreftelsen i pdf-format som vedlegg til denne eposten.

Ordrevedlegg som pdf

OR0002 – Ordrevedlegg som pdf

Modul som kan legge faste pdf-dokument som vedlegg til alle ordrebekreftelse-epostar. Eit eksempel på dette er angrerettskjema i pdf-format.

HTML rundt ordrebekreftelse

OR0003 – HTML rundt ordrebekreftelse

Gir mogelegheit til å legge tekst og bilete rundt ordrebekreftelsen, for eksempel toppbanner øvst med firmalogo, samt ekstra informasjon under ordredetaljane.

Printerfriend ordrebekreftelse

OR0004 – Printerfriend ordrebekreftelse

Viser eit printer-ikon over ordrebekreftelsen når kunde har gjennomført eit kjøp i nettbutikken. Når ein klikkar på dette så får ein opp ein utskriftsvennleg versjon av ordrebekreftelsen.

4 produktbokser i bredden

PB0001 – 4 produktbokser i bredden

I produktoversikten blir det skrive ut 4 boksar i breidda på kvar linje nedover dersom boksvisning er valgt for menypunktet ein er på.

5 stegs handleprosess

HK0001 – 5 stegs handleprosess

Når ein står i handlekurven, og klikkar på neste for å komme vidare i handleprosessen, så får ein opp eit skjermbilete der pålogging er påkrevd for å fortsette. Dersom ein ikkje har brukerkonto i nettbutikken frå før så kan ein opprette dette her.

Handlekurv i bekreftelsesbildet

HK0002 – Handlekurv i bekreftelsesbildet

Handlekurv visast nedst i bekreftelsesbiletet i handleprosessen. Dette er det steget der ein fyller ut skjemaet for fakturaadresse og leveringsadresse, og kan klikke ”send” for å sende ordren.
Minihandlekurv

HK0003 – Minihandlekurv

Handlekurven som alltid er synlig (som standard oppe i høgre hjørne) visast i ein miniversjon der kun tittlen ”Handlekurv” og totalsummen er med. Dersom ein klikkar på tittelen kjem ein til handlekurven i fullvisning.

Standard handlekurv

HK0004 – Standard handlekurv

Handlekurven som alltid er synlig (som standard oppe i høgre hjørne) visast i standardversjon der tittel ”Handlekurv”, antall enheter, totalsum og ”Gå til handlekurven” lenke er med.

Fraktvisning i handlekurv

FR0001 – Fraktvisning i handlekurv

Fraktkostnaden viser som ei eiga varelinje i handlekurven.

Postens fraktmodul

FR0002 – Postens fraktmodul

Eigen modul som viser i bekreftelsesbiletet i handleprosessen, under skjemaet der kunden fyller ut fakturaadresse og leveringsadresse. Postnummeret kunden taster inn kombinert med totalvekt på ordre blir brukt til å berekne fraktkostnad, og kunden får velje mellom ulike leveringsalternativ som Posten tilbyr.

Teksteditor

ED0001 – Teksteditor

Gir administrator av nettbutikken mogelegheit til å legge inn tekst, bilete og anna innhald via ein editor med knapper og funksjonar i likheit med det ein finn i konvensjonelle tekstbehandlingsprogram. Ein får mogelegheit til å redigere hovedinnhaldet på følgande menypunkt i toppmenyen: ”forside”, ”nyheter”, ”om oss”, ”kontaktinfo” og ”betingelser”, samt alle varegrupper. Dersom denne modulen ikkje er valgt, så må alt tekstleg innhald hardkodast inn av Digitroll etter timesats.

Editor i handleprosess

ED0003 – Editor i handleprosess

1 stk ekstra editor for tekst og innhaldsredigering som blir tilgjengeleg som eit menypunkt i adminverktøyet. Innhaldet blir sett opp til å vise på eit av stega i handleprosessen. Ein kan til dømes ha ein tekst over handlekurven, eller over påloggings/registreringsbiletet, eller over bekreftelsesbiletet/bestillingsskjemaet.

Editor i ordrehistorikk

ED0004 – Editor i ordrehistorikk

1 stk editor for redigering av tekstleg innhald som blir sett opp til å vise for kunden på ordrehistorikk-sida. Redigerast via eit menypunkt i adminverktøyet.

Ekstra editor forside

ED0005 – Ekstra editor forside

Dette kan for eksempel vere ein nyhetsboks for visning i venstre/høgre kolonne i nettbutikken. Innhaldet i denne kan redigerast via ein editor sett opp på eit menypunkt i adminverktøyet.

Editor ordrebekreftelse

ED0006 – Editor ordrebekreftelse

1 stk editor for redigering av tekstleg innhald som blir sett opp til å vise for kunden på ordrebekreftelse-sida i nettbutikken. Redigerast via eit menypunkt i adminverktøyet. Som standard blir ikkje denne teksten vist i ordrebekreftelse-eposten som blir sendt ut til kunde/administrator.

2 lange varebeskrivelser

VB0001 – 2 lange varebeskrivelser

Gir ein ekstra varebeskrivelse i tillegg til den som er standard. Denne kan inneholde over 50 tegn, og kan redigerast via editor på det gjeldande produkt i adminverktøyet. Viser som standard i singelvarevisning i nettbutikken.

Forespørsel på varen

FP0001 – Forespørsel på varen

Det leggast inn eit forespørsel-ikon på singelvarevisning i nettbutikken. Dersom ein klikkar på dette får ein mogelegheit til å fylle ut felt for epost-adresse og kommentar. Når ein så klikker ”send” blir produktforespørselen sendt som ein epost til nettbutikk-administrator.

Filnedlasting som vare

FN0001 – Filnedlasting som vare

Gir mogelegheit for å legge inn nedlastbare filer som varer ein kan kjøpe i nettbutikken. Når ein har kjøpt varen, så får ein tilgang til å laste ned filene, også ved innlogging på seinare tidspunkt. Denne modulen krever at ein har obligatorisk pålogging i nettbutikken (til dømes 5 stegs handleprosess).

Toppmeny med farge på aktiv fane

ME0001 – Toppmeny med farge på aktiv fane

Dersom ein klikkar på eit av menypunkta i toppmenyen, så får det ein annan farge for å vise at det er aktivt.

Dynamisk toppmeny

ME0002 – Dynamisk toppmeny

Menypunkta i toppmenyen er som standard hardkoda og kan kun endrast av tekniker hos Digitroll. Med denne modulen kan toppmenyen redigerast som menypunkt i adminverktøyet av administrator. Ein har eit hovedmenypunkt som representerer heile menyen, og når ein legg til undermenypunkt under dette så dukkar dei opp automatisk i toppmenyen i nettbutikken. Ein kan redigere antall menypunkt, tittel og rekkefølge. Undermenypunkta kan igjen ha menypunkt under seg som viser som dropdown når man fører musepeikaren over dei.

Dobbelvariant integrert i varen

VA0001 – Dobbelvariant integrert i varen

Som standard kan ein berre ha varians på ein faktor, for eksempel storleik, og vise variantvarene i ei liste under singelvarevisning. Denne modulen tilbyr derimot varians på to faktorar, for eksempel både storleik og farge, og funksjonaliteten er integrert i singelvarevisningen. Eit eksempel på bruk er at kunden går til singelvisning av eit produkt, la oss seie ein genser, og veljer farge ”blå” og storleik ”medium”.

Google Analytics

GO0001 – Google Analytics

Gir mogelegheit til å spore kor mange treff og unike besøkjande nettløysinga har hatt, kvar brukarane kjem frå, kva undersider som er mest besøkte m.m. via Google sitt kontrollpanel (Google konto og Analytics setjast opp av administrator av nettløysinga). Sjå www.google.com/analytics for meir informasjon.

Del artikkel på Facebook etc.

DD0001 – Del artikkel på Facebook etc.

Innlegging av delings-ikon for 1 stk sosial media teneste, for eksempel ”Del på Facebook”. Ikonet kan leggast på singelvarevisning for å dele info om eit produkt med venner og kjente, eller på artikkelvisning for å dele ein artikkel. Det kan og leggast inn i form av ein statisk ”Følg oss på Facebook” -logo som alltid er synleg ein plass på sida, og som fører til ei Facebook-gruppe når klikka på.

Sosiale media modul

DD0002 – Sosiale media modul

Modul som inkluderer deling på fleire sosiale media tenester som til dømes ”Facebook”, ”Twitter”, ”Delicious” og ”Nettby”. Implementerast på singelproduktvisning i nettbutikk, eller side/artikkelvisning i publiseringsverktøy.

Forum

FO0001 – Forum

Forum-modul som implementerast på ein fast stad i nettløysinga. Viser oversikt over trådane som har blitt lagt inn, og når ein klikkar på ein tråd får ein opp alle innlegg i tråden. Brukarane av forumet kan opprette nye trådar og innlegg. Administrator har mogelegheit til å slette innlegg.

Søk i forum

FO0002 – Søk i forum

Modul for å søke i forum. Som standard implementerast denne som eit søkefelt i toppen av forumoversikten, og når ein søker får ein opp ei liste over tråder der søkestrengen førekjem. Når ein klikkar på ein av trådane i søkeresultatet hoppar ein direkte til det nyaste innlegget i tråden der søkestrengen førekjem.

Ekstra forumkategori

FO0003 – Ekstra forumkategori

Gjer det mogeleg å få ein ekstra forumkategori, med sine eigne trådar og innlegg. Ein kan for eksempel ha ein forumkategori som heiter ”Spørsmål og svar angåande bruk av nettbutikken”, og ein annan forumkategori med tittel ”Superstar”. Den første kategorien skal berre innehalde trådar som omhandlar generell bruk av nettbutikken, og den andre skal berre innehalde trådar som handlar om merket ”Superstar”.

Diskuter produkter

FO0004 – Diskuter produkter

Modul som viser under singelvarevisning på dei varene som administrator markerer som diskuterbare i adminverktøyet. Gir brukarane mogelegheit til å skrive innlegg knytta til det gjeldande produkt, og lese innlegg som andre har skrive om produktet.

Ajax søk med Drop Down

SO0001 – Ajax søk med Drop Down

Denne modulen lagrer søketermane etter kvart som dei besøkande i nettbutikken brukar søkefunksjonen. Dersom mange søker etter ”adidas”, så vil ”adidas” dukke opp som eit forslag til søketerm i ein dropdown under søkefeltet. Det fungerer altså som ein dropdown med populære søketermar.

Blafunksjon på enkeltvarevisning

BF0001 – Blafunksjon på enkeltvarevisning

Dersom ein går til ei varegruppe, og vidare inn på eit av produkta i gruppa, så får ein mogelegheit til å klikke seg vidare til neste eller førre produkt i varegruppa.

Google Analytics konvertering

AK0001 – Google Analytics konvertering

Gir mogelegheit til å spore ordrer i nettbutikken via Google sitt kontrollpanel (Google konto og Analytics setjast opp av administrator av nettbutikken). Sjå www.google.com/analytics for meir informasjon.

Betalingsløsning for korthandel

BE0001 – Betalingsløsning for korthandel

Gir kundane mogelegheit til å betale for ordrene sine med kort. BBS sin nettbetalingsterminal er eit eksempel på modul som kan implementerast i nettbutikken. Når ein har lagt produkt i handlekurven, fylt ut fakturaadresse og leveringsinformasjon, og trykker ”send”, så får ein opp ei rute der ein kan velje kva type kort ein vil betale med, fylle ut kortnummer, utløpsdato og kodar, og fullføre betaling for så å komme til ordrebekreftelsen.

Oppgradering av administrasjonsverktøy

AV0001 – Oppgradering av administrasjonsverktøy

Gjeld oppgradering frå det eldre Ajax nettbutikkadmin til Lynx nettbutikkadmin.

Flerbildevisning som ikoner

BI0001 – Flerbildevisning som ikoner

Modul som blir aktiv på singelvarevisning av varer som har fleire bilete. Det gjeldande biletet viser øvst, og i tillegg viser alle bileta som mindre ”thumbnails” under dette. Ein kan klikke på dei mindre versjonane for vise dei i større versjon. Utan denne modulen får ein berre opp piler for førre/neste bilde.

Eget design på ny kundemail

MA0001 – Eget design på ny kundemail

Når ein ny kunde registrerer seg som brukar i nettbutikken, så mottek kunden ein velkomst-epost med litt informasjon. Ein får her mogelegheit til å spesifisere kva design det skal vere på denne eposten (f.eks toppbanner med firmalogo), samt kva tekst som skal stå i eposten.

Ordrehistorikk

OR0005 – Ordrehistorikk

Denne funksjonen er tilgjengeleg for innlogga brukarar i nettbutikken. Den viser ein oversikt over ordrene kundene har lagt inn i nettbutikken, og ein kan klikke seg inn på kvar enkelt ordre for å sjå detaljar (ordrebekreftelse).

Ordrehistorikk m/periodisering (år/mnd)

OR0006 – Ordrehistorikk m/periodisering (år/mnd)

Denne funksjonen er tilgjengeleg for innlogga brukarar i nettbutikken. Den viser ein oversikt over ordrane kundane har lagt inn i nettbutikken, men gir i tillegg mogelegheit for å til dømes berre vise ordrer lagt inn i 2010, eller meir spesifisert, berre ordrer lagt inn i januar 2010.

Modul for filnedlasting

FI0001 – Modul for filnedlasting

Gir mogelegheit for å setje opp ei mappe på webområdet der nettbutikkadministrator kan laste opp filer og lage undermapper via adminverktøyet. Brukarane ute på sida kan så vise filene og mappene, og laste ned innhaldet. Eit effektivt verktøy til dømes når ein har ein haug med pdf-dokument som skal ut til brukarane. Last dei opp til mappa, så er dei tilgjengelege for brukarane, utan at ein treng å setje opp oversikt og lenker til dokumenta manuelt.

Deepmetrix webstatistikkmodul

DM0001 – Deepmetrix webstatistikkmodul

Verktøy for å spore trafikk på ei nettløysing.

Kredittkjøp Ge Money Bank

KR0001 – Kredittkjøp Ge Money Bank

Modul som let kundane betale for ordren med kreditt. Kunden fyller ut felt i eit ekstra skjema før ordrebekreftelsen. Denne informasjonen blir sendt til kredittselskapet som så kan gjere ei kredittvurdering av kunden. Dersom dette går i orden kan varene sendast.

Kredittkjøp Crescocard online

KR0002 – Kredittkjøp Crescocard online

Same som for KR0001.

Synkroniseringsmoduler økonomistyringssystem

SY000X – Synkroniseringsmoduler økonomistyringssystem

Gir mogelegheit for å synkronisere varer, lagerstatus, kundeinformasjon og ordrer med eit økonomistyringssystem. Dette kan vere særs tidsbesparande, for eksempel når ein skal fylle opp nettbutikken med varer første gongen. Om ein har lagra varene med tittel, beskrivelse, pris, lagerstatus, bilete og meir i økonomistyringssystemet, så kan ein enkelt laste desse opp til nettbutikken, klare for sal over nettet. Når kundane byrjar å handle varer så lastar ein ordrane ned til økonomistyringssystemet og behandlar dei vidare der som ein pleier. Nettbutikken kan synkroniserast mot system som Uni Micro, Dynamics NAV, Visma Business og Mamut.

Synkroniseringsmodul Excel

SY0006 – Synkroniseringsmodul Excel

Gir mogelegheit for at ein kan sette opp til dømes varer i eit tilpassa Excel-dokument, med felt for varenummer, tittel, beskrivelse, lagerstatus m.m. Ein kan så laste dette dokumentet opp til nettbutikken og varene blir lagt inn i nettbutikken.


RB0002 – Rabatt- og verdikode

Gi kunder rabattkode ved handel i nettbutikken. Verdikodefunksjonen kan brukes i lag med CRM- og Nyhetsbrevmodul for utsendelse av verdikoder til kunder. Kan også knytte opp rabattkoder i synkronisering med ERP- system.

CM0001 – Chatmodul

Chat- modulen lar deg komme i direkte dialog med kunden via nettsidene dine. Velg tiden før chat- boksen skal dukke opp, og på hvilke sider. På support siden skal kun eposthendebndelse dukke opp? Du installerer ingenting lokalt, alt du trenger er f.eks. en Skype eller Google talk konto. Da kan du også slå i hjel arbeidstid hjemmefra.
Utvidet "handle som gjest"
Ny modul som autosender epost til kunde som har handlet uten å registrere seg. 
 
Kunden mottar en "Takk for handelen- epost" hvor han kan klikke på en lenke. Lenken tar ham til et skjema for registrering av ny bruker der all infoen han brukte i ordren sin allerede er fyllt inn, alt han trenger å gjøre er å velge et passord og trykke "registerer meg" så blir han registrert, logget inn og får opp tidligere ordrer i ordrehistorikken.
CRM modul for kundeoppfølging
CRM- modulen til Lynx eHandel nettbutikkløsningene følger opp kundene for deg. Uten at du trenger å gjøre noe.
 

Sosiale medier
Listen to the voice of the customer. Moduler for å gjøre nettbutikken mer åpen for kundegenerert innhold:
  • del en vare med venner på Facebook og andre sosiale medier
  • anmeld en vare - gi en vare du har kjøpt en kommentar eller karakter/vurdering
Søkemotoren er ivaretatt
Lynx nettbutikken har som standard funksjonalitet for å
  • legge inn titler
  • skrive metatekst (for konvertering)
  • URL rewrite

Validerer også ihht W3C (selv om dette har ingen betydning for SEO).

Chat gjorde vinneren
Ving vant TNS Gallups kåring som beste kundeservice bedrift i 2012. Fordi de chatter med kundene sine...
4% av norske bedrifter er trippel A kredittratet. Digitroll har vært en av disse hvert år siden 2004. Vi er helt unik i vår bransje.